Beate Einen Glassblåsing - foto Monica Johansen

LYSGLIMT - EN HYLLEST TIL EN MOR
Beate Einen - glasinstallasjon

Utstillinga vert opna laurdag 23. februar kl. 13 av Anne Britt Ylvisåker, førstekonservator ved KODE Bergen.

150 kvadrat og 7 meter takhøgde fyllast med kunstglas

Beate Einen frå Sotra håpar å overraske dei besøkende når ho opnar dørene til si separatutstilling ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde 23.februar.

Einen har tidligare stilt ut ved ei rekke profilerte galleri og messer, deriblant; Sotheby’s og Saatchi Gallery i London, Sofa i Chicago og Maison & Objet i Paris. Men denne utstillinga vert annleis seier Einen;  "større, eksperimentell og overraskende. Jeg leker med rommets flater og lager installasjoner som fyller vegger tak og gulv. Det blir en helt ny måte for meg å arbeide med glass".

Einen har 8 års utdanning innan glas, derav 3 år teknisk glasblåsarutdanning frå Kosta Boda sin  glaskule i Sverige, og eitt år læretid hjå glaskunstnarane Vidar Koksvik (frå Naustdal) og Kari Håkonsen. Ho har og tittelen bachelor og master i glas frå England. Tidligare har Einen arbeidd med alt fra bruksglas til unika og skulpturelle belysningsobjekt. Denne gongen blir det ein heilt annen type arbeid. Med denne utstillinga gjere Einen comeback med sitt kunstnerskap. Til tross for hyppig og kontinuerleg utstillingsaktivitet har ho hatt eit lengre produksjonsopphald innan glas. Då mor hennar vart alvorleg kreftsjuk i 2011 vart gnisten vekke og ho trengte ein pause frå det hektiske kunstnarlivet. Sidan har ho etablert seg på Askøy og fått to born, i 2015 og 2017. «Nå begynner livet å falle på plass igjen», seier Einen.

Denne hausten har Einen hatt kunstnaropphald ved S12 , der ho tidligare arbeidde. Her har ho hatt tilgang til deira unike verkstad , samt assistanse frå Jessie Blackmer, (USA), og Patrícia Šichmanová, (Slovakia). "Det har vært helt fantastisk å få jobbe med glass igjen. Kreativiteten har boblet og det er nærmest vanskelig å begrense ideflyten. Den kreative prosessen reflekterer ofte livet og når man møter motgang hoper følelsene seg opp og behovet for å skape blir etter hvert enda større. Den skapende prosessen er en måte å bearbeide det livet tildeler oss", seier Einen.

Einen si utstilling vil vere prega av store kontraster, der mørket får skape bakteppe men stadig må vike for lyset. Arbeida vil hovedsakeleg vere større installasjoner der munnblåst glass er eit hovedelement, og der belysninga vert ein viktig del av utstillinga. Dette vert ein annleis glasutstilling der glasinstallasjonar inntar veggar, golv og tak i det romslege lokalet på heile 150 kvadratmeter, som Beate Einen får boltre seg på.
 

Utstillingskoordinator: Inghild Venås, SFKM
Fotograf: Monica Johansen