NYHENDE

I høve Knøtteblest vert det i undervisningsrommet
- Mogleg å teikne frå 11-12. Ingen påmelding. 
- Vevverkstad for barn frå 13-15. Maks. 15 barn. Om barna er under skulealder, må dei ha følge av ein vaksen. Påmelding i respesjonen.

Blest er for alle, også for kidsa! Bli med på gratis konsert og aktivitetar i museet.
11:00: Museet opnar - med aktivitet for ungane
12:00: Konsert med Du og eg og vi 2-3-4. PS: begrensa plass på konserten!
Ein groovy konsert for heile familien, særleg barn i aldersgruppa 3-10 år, med mange spennande karakterar og utfordringar! Denne gøyale gjengen tek med barna på eit musikalsk eventyr og ønskjer å lære alle barn i hele verda (og vaksne!) kunsten å klappe på 2 og 4!

I samarbeid med Blest festivalen.

No finn du mange verk frå samlingane vi forvaltar på Digitaltmuseum.no. Med om lag 1500 søkbare objekt er vi på 3. plass av dei norske kunstmusea, etter Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø og Nasjonalmuseet i Oslo.
Du finn verk av Nikolai Astrup, Ludvig Eikaas, Hans Gjesme og dei fleste av kunstnarane som er representerte i samlinga ved SFKM i Førde. Du kan mellom anna søke på kunstnar, tittel, 6 ulike typer objekt, 242 emneord og i 3 periodar.
Lykke til!

Anders Svor Museum vert frå og med 2020 dreve av Stiftinga Musea på Sunnmøre. 
For spørsmål ang. museet eller sesongen 2020 ta kontakt med dei på: 
Telefon: 70 16 48 70
E-post: postmottak@mupsu.no
Sjå nettsida: Sunnmøre Museum

Eirin Mailund Svendsen er tilsett i engasjement som kurator/formidlar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Eirin kjem frå stilling som prosjekttilsett ved Oslo Museum. Ho har tidlegare arbeidd ved Museene i Akershus. Eirin har ein bachelor i kunsthistorie og master i museologi- og kulturarv frå Universitetet i Oslo (masteroppgåve: «Kvinner på tvers av tiden.