NYHENDE

Vi treng ulike spisestolar og krakkar til installasjonen "Asambled" av Amalia Pica i utstillinga "Tretoppanes blygskap". Utstillinga vil stå frå 17. februar til 3. juni 2018, så vi treng å låne dei i heile perioden + ei veke før og nokre dagar etter. Ta kontakt med museet på tlf: 97 42 15 65 eller på sfkm@misf.no. Send gjerne med et fotografi.
Foto: Amalia Pica, Asambled, 2015, Kunstverein Freiburg.

Laurdag 17. februar
13:00 Opning ved Eva Marie Halvorsen og kurator Beatriz Alonso, 3. etasje.
13:30 Aktivering av verket "Uvitande saman, går til kvarandre" ved kunstnarane Rita Ponce de Léon og Tania Solomonoff, høgsalen.
14:30 Drikke og drøs, foajeen.

Velkomen til mange gode opplevingar i året som kjem!

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Nikolai Astrup på Digitaltmuseum. Meir vil komme etter kvart som vi arbeider med samlinga på over 320 verk. Du kan mellom anna sjå 125 tidlegare upubliserte skisser. Om lag halvparten av dei er mest sannsynleg frå studietida i Paris i 1902, då skisseboka dei er ein del av har stempel frå ein utstyrsbutikk for kunstnarar i den franske hovudstaden og motiva kan sjå ut til å vere derifrå.