Formidling

”TA I MOT KUNSTENS VELSIGNELSE” sa Kjartan Slettemark, og formidla sin eigen kunst gjennom å vere intenst til stades og gjennom stadig konffrontasjon med samfunnet. Men det er ikkje all kunst som er like lett å få i tale. “Eg forstår ikkje dette verket” er ei setning som har vore uttalt meir enn ein gong. Undring er bra, og undring er ei god bør på vegen vidare, men somme tider kan vi ønskje noko meir enn å verte forundra. Å formidle kunsten er ikkje å gje ein fasit, men ei handling i grenselandet mellom tolken og fortolkaren sine oppdrag.

I tillegg til den tradisjonelle omvisinga, prøver vi, så langt som råd er, å formidle kunsten gjennom andre aktivitetar.

OMVISINGAR:
Til grupper i alle aldrar på alle våre utstillingar. Ta kontakt i god tid for tinging av tid.

SKULE:
Vi ønskjer å verte nytta av alt frå barnehage til høgskule. I samband med særskilde utstillingar tilrettelegg vi transport og pedagogisk opplegg til ulike aldersgrupper. Vi har òg eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken med tilbod i dei ulike galleria under Sogn og Fjordane Kunstmuseum og ute i skulane.

Relevante fagområder kan t.d. vere kunst og handverk, norsk og samfunnsfag. Vi forsøker òg, så langt som råd er, å møte ønskje om spesielt tilpassa omvisingar og samarbeider gjerne med skular og lærarar om å gje det mest relevante tilbodet i høve til læreplan og årsplan eller vekeplan.

KONTAKT
For å tinge omvising kontakt oss på telefon 97 42 15 65 eller e-post sfkm@misf.no