NY AVDELINGSDIREKTØR VED SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM

Hanne Storm Ofteland (47) er tilsett som avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Hanne er utdanna kunsthistorikar frå Universitetet i Oslo. Ho har tidlegare arbeidd som sjef for bibliotek- og arkivtenestene ved Kunsthøgskulen i Oslo, samt digitalisering og dokumentasjon ved fleire kunst- og kulturinstitusjonar i Oslo. I perioden 2003-2006 dreiv ho galleriet Nordic art info, ein visningsstad for nordisk samtidskunst med hovudfokus på unge kunstnarskap. 


I 2001 etablerte ho nettidsskriftet BarokkMinimalist: e-zine for kunstkritikk saman med ei rekkje kunsthistorikarar, kunstnarar
og filosofar. I 2017 var ho engasjert som sekretær for ein nasjonalt utval med mandat å evaluere stipendiatprogrammet og prosjektprogrammet for kunstarisk utviklingsarbeid. For tida jobbar ho frilans som forfattar på oppdrag for Eidskog kunstforening og med ein monografi om hedmarkskunstnaren Arthur Eriksen (1903-1978). Hanne tek til i stillinga 1.oktober.

Vi gler oss til ho kjem!