VÅRKVELD I ASTRUPTUNET 23. MAI KL. 19

Dørene opner kl. 18:30. BILLETT KR. 250,- på Tikkio.com

- Skrivaren er kanskje allereie ein målar, i sitt eige hovud, visste han det allereie då, at det var den vegen han skulle gå? Vi finn fram att Nikolai Astrup sitt ungdomsbrev, dekker langbordet utanfor kjøkenstova, skjer rabrabra og set garn. Velkomne til vårkveld i Astruptunet med litteratur, musikk og smak av Jølster!

I løpet av nokre vårdagar i 1898 skriv Nikolai Astrup, den gong sytten år, eit nærare førti sider langt brev til venen sin Arne Giverholt. - Det er eit nærvære i skrifta, seier forfattar Sivert Johan Nesbø, og held fram: - Ein får ei tydeleg fornemming av at det har vore viktig for Astrup både å skrive brevet, men og å skrive det nett slik det er skrive.

Ein vårkveld i Astruptunet 120 år seinare finn vi fram att dette brevet. ”Jeg brender efter at få komme ut og lære noget om malning” skriv den unge prestesonen. Frå Bergen kjem Sivert Nikolai Nesbø heim til Sunnfjord for å dele sine refleksjonar over ungdomsbrevet, slik vi  kan lese det i vår tid:

”(…) men no var det no ein gong slik det gjekk, Astrup vart målar, og etterkvart lærte òg vi oss å kjenne Nikolai Astrup som målar, som han som skildra Jølster, og ikkje minst vestlandet gjennom Jølster, på ein måte som først gjerne verka framand, men som snart vart ein naturleg del av måten vi forstod landsdelen – og våre eigne blikk på vårt eige – på.”  (Frå Nesbø sitt essay ”Trist vårdag”.) 

Sivert Nikolai Nesbø kjem frå Gaular, og debuterte som forfattar med romanen Skårgangar i 2013. I 2015 kom den andre romanen hans, Som eit barn. Hausten 2018 er han aktuell med ein ny roman, Sjøen om vinteren.

Vi dekker langbordet utanfor kjøkenstova, skjer rababra og set garn. Kokk Christel Eide forvandlar råvarene til småmat med smak av Jølster: Grava aure med granatseple, rørosrømme på sprøtt brød med urter. Kjøttbollar av lam på potetrasp med ramslauk. Salat av betar, med hasselnøtter og epledressing. Og til dessert: Rabrabrakake oppned med creme fraiche. Sjølv har vi laga rababralimonade og kokt kaffi. 

Arrangementet vert ute, i amfiet og på plattingen ved flaggstonga. Det vert høve til å vitje husa og galleriet for dei som ynskjer det.

Vårkveld i Astruptunet er eit samarbeid mellom Rom for ord, Jølster bibliotek, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Svidal skriveri.

Fotografi ved Magne Sandnes, Cappelen Damm.