INNKJØP AV RALSTON & BAU TIL SAMLINGA

Sogn og Fjordane kunstmuseum har kjøpt inn design av Ralston & Bau frå seriane: ”Svele”, ”Storm”, ”Shroom” og ”Les Lamaneurs”.

I 2003 kom designarduoen Birgitta Ralston & Alexandre Bau fra Paris til Sogn og Fjordane for eit kunstnaropphald på Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen. Dei vart bergtekne av staden og landskapet. Dei tok utfordringa med å bygge eit signalbygg og dreiv et designsenter ved fjordkanten. I 15 år har duoen drive med kunst- og designprosjekt på eit internasjonalt nivå frå utkanten av Noreg.

Ralston & Bau har vore opptekne av å få med lokale samarbeidspartnarar i produktutviklinga, og har gjennom åra produsert mange tverrfaglege kunst- og designprosjekt. Både produkt og prototypar har vorte produsert og stilt ut i Noreg og elles i Europa. Duoen har laga fleire design for lokale selskap, der alle er i bruk den dag i dag. 

Saman har designarduoen skapt ei lang rekkje unike verk og små seriar av spesielle objekt. Først ute var matreiskapane lagd ved Dalsåsen i samarbeid med lokale profesjonelle og innbyggjarane i Dale og Florø. Mange av duoen sine produkt har fått rosande omtale både nasjonalt og internasjonalt, og designa held høg kvalitet. Kunstmuseet ønskjer å bidra til at produkta vert verande i fylket som ein del av samlinga.

Svele
© Eikeseth Nygjerd Fotografi


«Svele» er serveringsplater laga av massivt rustfritt stål. Designet vart til under «Ideal Lab»- i temaet «Replanted Identity» i 2015. Målet var å lage ein workshop som skapte dialog og samling rundt Florø-identiteten, der deltakarane på workshopen deltok ved å ta med heimelaga fingermat. For florøværingane var det naturlege valet å ta med sveler, og dei med polske bakgrunn bidrog med Kiefies, ein halvmåneforma kjeks. Designarane vart rørt av vennlegheita som vart uttrykt av vertane – og ut av denne opplevinga kom eit sterkt ønskje av å lage eit dedisert objekt.

Storm
© Eikeseth Nygjerd Fotografi


«Storm» er ein serie vasar som også  vart designa under «Ideal Lab Replanted Identity». Langs Noregs vestkyst er både naturen og menneska forma av dei ekstreme vêrforholda. Evna til å tilpasse seg er essensiell, og designerane ønskte å illustrere dette gjennom «Storm» vasane. Forma til vasane vert inspirerte av bøygde stålrøyr og den lokale oljebaserte industrien i Florø. Sterke krefter må til for å bende røyret for å tilpasse dei behovet dei skal dekkje. Dei tre ulike «Storm» vasane og «Svele»-serveringsplatene var på turné i Frankrike; i internasjonal design biennialen for eksampel og Noreg som del av «Replanted Identity» utstillinga.

Shroom
© Oddleiv Apneseth


«Shroom» er ein utandørs lysarmatur med eit unikt detektorsystem som reagerer på rørsle og omgivnadslys. Ideen vart til i ein workshop med aktive eldre i ei vestlandsbygd, som uttrykte eit behov for lys – eit lys som fekk ein til å kjenne seg trygg, men utan å skape lysforureining som ville forstyrre opplevinga av landskapet. Serien er tilpassa livet og behova i nordiske byar, med nærleik til naturen og med lange mørke vinternetter. For å hindre unødig lysforureining blir lysinstallasjonane berre fullt opplyst når det er behov for det, om nokon passerer, aukar lysstyrken gradvis til full styrke. «Shroom» serien var nominert for INDEX prisen i 2013, og vann eit Red Dot Design Award i 2013 og Label VIA i 2013. Heile serien vart utvald og utstilt ved «100% Norway» i London i 2012, ved Red Dot Museum i Essen i 2013, og ved MOST i Milano og Esplanade du Louvre i Paris i 2014.

Lamaneurs
© Eikeseth Nygjerd Fotografi


«Les Lamaneurs» er ein serie med urbane møblar som inviterer innbyggjarane i Saint-Nazaire i Frankrike til å setje seg ned og nyte byen sin. Ved hamna ligg seks små loshus i 50-tals-arkitektur, og der  «Les Lamaneurs» er inspirasjonen til formene kjem frå arkitekturen sine avrunda frontar, og metall- og trematerialet  kjem frå skipsbyggingsindustrien designerane samarbeida med. Fire versjonar av «Les Lamaneurs» vart skapt, alle med sitt eige uttrykk, inspirert av lamaneurane sine rutinar: Lunsjpause, Kaffipause, Langvakt og Powernap. «Les Lamaneurs» var på turné i Frankrike og Noreg som ein del av «Replanted Identity» utstillinga og representerte Noreg i London i 100% Norway utstillinga i 2015.

Portrettfotografiet: © Eikeseth Nygjerd Fotografi