NYHENDE

I høve at vi frå 2020 får nye fylke, skifter Anders Svor Museum i Hornindal frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal fylke.

Laurdag 22. og sundag 23. september held Sogn og Fjordane Kunstmuseum museumshelg i Hornindal. Dette er ikkje noko berre for folk i Nordfjordbygdene. Vi byd òg inn dei på nordsida av fylkesgrensa. Kom og sjå og gjer dykk kjende. 

Hanne Storm Ofteland (47) er tilsett som avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Hanne er utdanna kunsthistorikar frå Universitetet i Oslo. Ho har tidlegare arbeidd som sjef for bibliotek- og arkivtenestene ved Kunsthøgskulen i Oslo, samt digitalisering og dokumentasjon ved fleire kunst- og kulturinstitusjonar i Oslo. I perioden 2003-2006 dreiv ho galleriet Nordic art info, ein visningsstad for nordisk samtidskunst med hovudfokus på unge kunstnarskap. 

mplogo

I 2018 lanserer vi i Musea i Sogn og Fjordane ei nyhende! Vi kan no by deg museumspass.
Med dette passet får du fri inngang og du kan oppleve 13 unike museumsopplevingar i Sogn og Fjordane.

Passet vil gje deg tilgang til interessante utstillingar, guida turar, å nyte fredelege vandringar i våre friluftsmuseum, aktivitetar og arrangement (arrangert av museet).