KONSERT "KLANGEN AV ASTRUP" I ASTRUPTUNET SØNDAG 8. JULI

I samband med Folkemusikkfestivalens konsert i Astruptunet søndag vert det redusert tilbod i tidsrommet 11.15- 13.15. I dette tidsrommet må ein ha festivalbillett for å vere i tunet.

KLANGEN AV ASTRUP

Apneseth-Eikås-Ottersen-Slåtten-Furevik m.fl.    NYPRODUKSJON

Ta plass blant rabarbra og soleier i kunstmålar Nikolai Astrup sin idylliske heim, og bli kjent med musikken og dansen som farga kunstnarskapet hans. I dei små, intime husa vert det konsertar, samtalar og betraktningar om kunstnaren sin klang i arbeid og fritid. La deg informere, underhalde og berøre. Kanskje finn du nytt i både kunsten og musikken. 

Idé og produksjon: Førdefestivalen. Produsent: Gro Marie Svidal. 
Buss frå Førdehuset kl. 10.30 og retur etter konserten er inkl. i billetten. 
Merk: Ikkje tilrettelagt for rullestolbrukar.

Du kan kjøpe billett her: http://www.fordefestival.no/artistar-2018/2018klangen-av-astrup