SESONGOPNING AV SOGN KUNSTSENTER / MINISEMINAR OM LEVANDE LOKALE OG SENTRUMSSATSING

Miniseminar om levande lokale og sentrumssatsing
Lærdal torsdag 14. juni 2018

Program
Kl. 12.00 Sjeleleg kickstart
Tom Karlsrud og Gudmund Bolstad Skjær

Kl. 12.10 Velkomen
Tone Boska, prosjektleiar for Levande lokale Lærdal og Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling.

Kl. 12.25 Frå sentrumsdød til sentrumsglød
Siri Holmboe Høibo, prosjektleiar for Levande lokale i DOGA

Kl. 12.50 Levande lokale Lærdal
Tone Boska

Kl. 13.15 Pause

Kl. 13.30 Samskaping som metode for innovasjon og inkludering
Lisbeth Iversen, prosjektleiar for Levande lokale i Arendal

Kl. 14.00 Miriam Prestøy Lie er regissør for teaterframsyninga «Gjesmearkivet» som vil føregå i Telegrafen under Lærdalsmarknaden. Ho vil gi oss innblikk i arbeidet som er lagt ned, og korleis ho som leiar for teaterfestivalen i Fjaler har utvikla sin eigen arbeidsstad i ei pitte lita bygd.

Kl. 14.15 OPNING AV UTSTILLINGAR:
Levande lokale i kunstfoajeen, og utstillinga "Hans Gjesme og årstidene" i Sogn Kunstsenter
Tom Karlsrud og Marita Vangen Bratteteig spelar og syng for oss

Presentasjon av Levande lokale-utstillinga v/Siv Støldal
Presentasjon av "Hans Gjesme og Årstidene" v/Fridtjov Urdal for Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Offisiell opning av utstillingane v/ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim.

Fridtjov Urdal serverer litt rømmegraut og rabarbrasaft frå Jølster, og kjekjøt og spelsaukjøt frå Undredalen til dei frammøtte. 

Bakgrunn for seminaret: I regi av Design og arkitektur Norge har Lærdal vore ein av tre nasjonale pilotar som dei siste to åra har testa ut nye metodar for sentrumsutvikling. Målet har vore å nytta alternative framgangsmåtar for å sikra auka bruk av tomme eller inaktive lokale i sentrum av byar og tettstader i Norge. Arendal og Tromsø har vore dei to andre pilotkommunane i prosjektet.