MAIA BIRKELAND - BYLØA

I samband med Førde sitt byjubileum, har Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord museum invitert Maia Birkeland til å gjere eit tredelt kunstprosjekt med utgangspunkt i fortid-notid- framtid. Utstillingsprosjektet «Det vi har i lag» reflekterar over historia vår, identitet, kulturarv og felles framtid, og har tre ulike visingsstadar- eit folkemuseum, eit kunstmuseum og eit byrom i Førde.

Installasjonen «Byløa» vart først plassert i byrommet framfor rådhuset. Det er 20 år sidan Førde fekk bystatus, og ein by med stor tilflytting. Frå landlege, naturvakre omgjevnader har Førde på kort tid gått frå å vere bygd til å verte by.

Maia Birkeland er fødd i Førde, vaks opp her på 1980- og 90 talet, og har djupe røter til heimstaden sin. Ho dreg fleire parallelle problemstillingar mellom overgang frå bygd til by – det landlege og det urbane. «Byløa» er bygd av europallar – ei krysning mellom bygd og by. Verket aktualiserer både politiske, økonomiske og personlege motsetnader gjennom materialbruk, film og lydspor.

«Byløa» vart reist på dugnad laurdag 13. mai. Dugnadsånda viser til ein tradisjonell arbeidspraksis og ei kollektiv involvering ved å arbeide i lag. Plassering av «Byløa» skapar ein møteplass, gjev ulike referansar til omgjevnadane, og refleksjon over fortid, samtid og framtid.

«Byløa» trekk linjer og referansar til verk som vert synt på Sunnfjord museum (opna 17.juni) og til ein heilt ny utstillingsproduksjon ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum (opnar 5.juli). «Det vi har i lag» er eit samarbeid med Førde kommune og Førdefestivalen.

Frå og med 5. juli er Byløa å finne utanfor Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Fotograf: Oddleiv Apneseth, 2017