SFKM har med generøst bidrag frå Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane og Sunnfjord Energi fått høve til å kjøpe inn 19 fotografi frå Oddleiv Apneseth sitt store prosjekt «Jølster 2008».

Om prosjektet:
«Då stiftinga Fritt Ord i 2006 lyste ut midlar for å blåse liv i norsk dokumentarfotografi, tok ideen til JØLSTER 2008 form. Oddleiv ynskte å dokumentere eit samfunn dag for dag gjennom eit år, og den naturlege staden for eit slikt prosjekt var Jølster, heimkommunen hans. […] Oddleiv er sjølv ein del av det samfunnet han prøvde å komme under huda på gjennom 2008, men «ekte jølstring» trur han det ta minst 300 år å bli.» (Silja Juklestad i utstillingskatalogen Jølster 2008 – Oddleiv Apneseth)

I «Jølster 2008» finn vi fotografi av kvardag og høgtid, gamle og unge, organisasjons- og arbeidsliv, enkelt- og gruppeportrett osb. Komposisjonane er regisserte, folk og rekvisittar er nøye gjennomtenkt plassert og stilt opp. Materialet syner eit mangfald i levde liv og røynder, og gjev innblikk i fortid, samtid og framtid i ei lita bygd på Vestlandet i Norge. Mykje har allereie skjedd sidan 2008. Folk har gått bort og folk har kome til, ting og saker som var viktige då har vorte skifta ut med nye. No er vi glade for å kunne ta vare på fleire bitar frå dette frosne tidsbildet av ei bygd i rivande utvikling.

Utvalet er gjort av konservator Ingrid Norum og Oddleiv Apneseth.

 

Foto: Oddleiv Apneseth, Johanna Sunde, Indresunde, 5. oktober, 2008.