NYHENDE

Onsdag 15. august 2018 overleverte avdelingsdirektør for Sparebankstiftinga DNB si kunst og instrumentsamling, Anders Bjørnsen, statusrapporten om Astruptunet og gårdshagen til Jølster kommune ved ordførar Oddmund Klakegg.

Bak rapporten står landskapsarkitekt Ingeborg S. Mellgren. Arbeidet med å utbetre tunet startar allereie i haust og det vert spanande å sjå korleis tunet vil verte endra i åra som kjem for å mest mogleg formidle korleis det var på Nikolai Astrup si tid. 

Hanne Storm Ofteland (47) er tilsett som avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Hanne er utdanna kunsthistorikar frå Universitetet i Oslo. Ho har tidlegare arbeidd som sjef for bibliotek- og arkivtenestene ved Kunsthøgskulen i Oslo, samt digitalisering og dokumentasjon ved fleire kunst- og kulturinstitusjonar i Oslo. I perioden 2003-2006 dreiv ho galleriet Nordic art info, ein visningsstad for nordisk samtidskunst med hovudfokus på unge kunstnarskap. 

Den folkekjære kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november 2018. I det høvet lanserer SKALD – i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum – ei jubileumsbok som oppsummerer hans liv og virke, med hovudvekt på kunsten. Forfattar er Lars Elton.

mplogo

I 2018 lanserer vi i Musea i Sogn og Fjordane ei nyhende! Vi kan no by deg museumspass.
Med dette passet får du fri inngang og du kan oppleve 13 unike museumsopplevingar i Sogn og Fjordane.

Passet vil gje deg tilgang til interessante utstillingar, guida turar, å nyte fredelege vandringar i våre friluftsmuseum, aktivitetar og arrangement (arrangert av museet).